Fleire offentlege instansar visste om at ein asylsøkjar som plikta å forlate landet har budd og arbeidd på Sunnmøre i årevis. No har den private arbeidsgjevaren fått 300.000 i bot.

Her arbeidde asylsøkjaren Suel Kassembo i mange år. No er bedrifta skulda for å ha tilsett ein mann med ulovleg opphald i landet.
Publisert 18 nov
Oppdatert 19 nov
Runde Miljøsenter nektar å betale bota for å ha tilsett asylsøkjaren Suel Kassembo.
Tysdag morgon svarte styremedlem Ingrid Opedal nei på spørsmålet om straffskuld. Ho møter som representant for Runde Miljøsenter.
I 12 år har bedrifta lønna Kassembo som oppheld seg ulovleg i landet.
Bedrifta har fått krav om å betale 300.000 kroner i bot for å få saka ut av verda.
– Vi har lært på skule, søndagsskule og frå besteforeldre at vi skulle ta vare på våre medmenneske. Flyktningar er også medmenneske, sa Nils Roar Hareide i retten tysdag. Han er tidlegare dagleg leiar.
Han forklarte at dei aldri har følt at dei har gjort noko gale, men ikkje har hatt full oversikt over alle regelverk. Hareide var sjølv sikta, men den saka er seinare lagt bort.
Seier dei aldri sjekka
Politioverbetjent Michael Hoel i politiet si utlendingseining sa i retten tysdag at leiinga ved Runde Mijløsenter aldri spurte om det var lovleg å tilsetje Suel Kassemo.
– Det er ikkje noko registrert at dei har tatt kontakt med oss for å undersøkje om det er greit at han kan arbeide, sa han då han forklarte seg tysdag.
Hoel og ein kollega var på Runde Miljøsenter mai 2023 og hadde samtalar der med leiinga. Hoel hevdar leiinga på det møtet stadfesta at dei var kjent med at Kassembo arbeidde ulovleg.
Seier saka er heilt spesiell
Arild Humlen er advokat for Runde Miljøsenter. Han seier dei avviser noko skuld, og seier saka er heilt spesiell.
– Det var det offentlege sjølv som kontakta senteret for å høyre om dei kunne engasjere og tilsette ein person som hadde søkt tilskot frå Nav, hevdar Humlen.
– Eg har aldri vore ute for ein situasjon der det offentlege har spelt ei utslagsgjevande rolle i iverksetjinga av ei ordning som har vore i strid med utlendingslova.
Nav avviser at dei har tatt initiativ til ein slik avtale. Les heile svaret lenger nede i artikkelen.
Senteret skal ha orientert både UDI, politiet, Nav og skatteetaten om at han jobba der. Ifølgje skatteregisteret har Suel Kassembo betalt over ein halv million kroner i skatt fram til 2023 – samtidig som han hadde fått endeleg avslag på opphaldsløyvet i Noreg.